Hopp til hovedinnhold
AK Årevik AS og Augestad Maskin AS

Med skybasert rekneskap har vi 100% kontroll på økonomien

«Vi hadde ikkje vore der vi er i dag, om vi ikkje hadde hatt samarbeidet med Accountor». Det er store ord som kjem frå Bjørn Tore Årevik, dagleg leiar i AK Årevik AS og Augestad Maskin AS. Men han meiner kvart einaste ord.  

Accountor Sogn hjelper selskapa hans med rekneskap og lønn, og er samtidig ein viktig sparringspartner når det kjem til økonomisk rådgjeving. Dei har vore med heilt frå starten, og hjelper Bjørn Tore og Ann Kristin med alt frå budsjett og forretningsplanar, til å planleggje langsiktige investeringar. 

Bjørn Tore og Ann Kristin Årevik

«Det er utruleg godt å ha nokon å diskutere med når vi skal gjere større investeringar. Det er så mange fallgruver og utfordringar ein ikkje er førebudd på sjølv,» fortel Bjørn Tore.

«For oss er det viktig å ha nokon på utsida til å rådføre oss med. Når ein sit på innsida i ei bedrift er det fort gjort å få tunnelsyn på det du driv med. Frå Accountor får vi kloke spørsmål, om mykje vi ikkje ville ha tenkt på sjølv».

Full oversikt over økonomien til kvart prosjekt

Det var då dei fekk rekneskapet opp i skya at kontrollen på økonomien verkeleg kom på plass. 

 «Åslaug på Accountor viste fram Power Office Go som ei muleg løysing for oss, og eg likte forslaget med ein gong. Vi sette i gong nesten umiddelbart, og eg har ikkje angra eit sekund». 

Rekneskapet i ei mindre bedrift kan ofte vere litt uoversiktleg, og då er det fort gjort å få utfordringar med likviditeten. Men når alt går digitalt har Bjørn Tore og kollegaene ein heilt annan kvardag: «Vi har ikkje lenger fakturaer som kjem i posten og blir gløymde. Eg har tilgang til alt i appen, det er heilt fantastisk. No har vi 100 % kontroll på økonomien,» fortel Bjørn Tore entusiastisk. Han kan når som helst gå inn og følgje med på dei ulike prosjekta, og som entreprenørfirma er det gull verdt. I appen kan han kan sjå kva prosjekt dei tener pengar på, og følgje med på kvar dei bør gjere det betre. «Det er eit utroleg nyttig verktøy,» konstaterer bedriftseigaren fornøgd. 

Det at han og rekneskapsføraren sit og jobbar i same system gjer det samarbeidet heilt straumlinjeforma: «Eg fakturerer sjølv, og Accountor gjer alt det andre. Eg behøver berre å gå inn i appen og godkjenne». 

Alle bilag kjem automatisk inn i systemet

Å flytte rekneskapet opp i skya har også ført til ein betydeleg reduksjon i utgiftene til rekneskap, for det er mykje enklare for både dagleg leiar og rekneskapsførar å jobbe i same system: «Eg sparer mykje tid og krefter på å ha alt digitalt i systemet. Det er ikkje noko som må leitast etter lenger – alt som er av bilag kjem rett inn. Til og med reiserekningane ligg der elektronisk. Det set nok både eg og rekneskapsføraren min pris på,» smiler Bjørn Tore.   

Sjølv om rekneskapet no er heilt digitalt, betyr ikkje det at samarbeidet med Accountor har blitt mindre personleg. «Gjennom åra vi har samarbeidd har eg fått eit veldig godt forhold til gjengen på Accountor i Vik. Eg kan stikke innom på ein kaffe når som helst, ein treng ikkje å ha eit ærend for å komme på besøk. Det er veldig kjekt å kunne komme innom berre for ein prat». 

Ein rekneskapspartner ein kan stole på

Det er fleire grunnar til at Bjørn Tore vel å sette ut rekneskapet, i staden for å gjere det sjølv. Sjølv eig og driv han to familiestyrte bedrifter: AK Årevik driv innafor servering gjennom Sæbøfjosen møte- og selskapslokaler, og Augestad Maskin er ein maskinentreprenør med arbeidsfelt over heile landet. 

«Anleggsfaget og drift av serveringsverksemd er det vi kan. Med blant anna restaurantdrift, konsulenttenester og vegprosjekt har eg og dei tilsette meir enn nok å henge fingrane i. Det er viktig for meg å ha Accountor til å gjere jobben på økonomi. Eg stolar på at dei gjer jobben for meg, og den gjer dei bra!»

Bjørn Tore er ikkje i tvil om at samarbeidet med Accountor ber frukter: «Vårt samarbeid med Accountor er ei av årsakene til den gode utviklinga i bedriftene våre, og det vil garantert vere ei medverkande årsak til at vi fortset med ei like bra utvikling vidare og».

 

Vil du også komme i gang med skybasert regnskap, og få kontroll på økonomien? Ta kontakt med oss for å se på løsninger som passer for din bedrift

Tags
Norway

Share