Hopp til hovedinnhold
Utsikt over Nordfjordeid

Rekneskapsførar på Eid

Ser du etter eit rekneskapsbyrå på Eid? Accountor er den lokale samarbeidspartnaren din for rekneskap, lønn og rådgiving. Vi har både store og små kundar innan dei fleste bransjar, og kan skreddarsy ei løysing tilpassa firmaet ditt.

La oss vise deg korleis du kan få ein enklare kvardag med god rådgiving og digitale løysingar.

 

Kontakt oss

 eid@accountor.no

+47 57 88 57 88

 

Regnskap, lønn og rådgivning

Hos oss har vi store og små kundar innan dei fleste bransjar. Vi er den lokale samarbeidspartnaren din innan alt av økonomi- og rekneskapstenester. Våre høgt kvalifiserte og dedikerte fagspesialistar hjelper deg å kartleggja forretningsmodellen din, og kan dermed skreddarsy kva tenester som stemmer overeins med behova dine.

Accountor er totalleverandør av alt innan rekneskaps- og rådgivingstenester (rådgiving, fakturering, rapportering, lønnshandtering, personaloppfølging, sjukepengehandtering, reiserekningar m.m.). Vi har eigne dedikerte spesialistar på inkasso og økonomisk rådgiving. For oss er fagleg kompetanse og kunnskap i fokus, til det beste for kundane våre. Accountor på Eid tilbyr problemfrie og sikre løysingar for framtida.

 
Bjørn Tore Furnes - han jobber på Accountor Eid som kundeansvarlig

Med kunden i fokus

På Eid finn du Bjørn Tore. Han har jobba i Accountor sidan 2019. Han er Siviløkonom med ein Bachelor (NTNU) og Mastergrad (OsloMet) i Business Administration med finans som spesialfelt. Eit par år seinare valde han å gå vegen for å bli autorisert rekneskapsførar og har ikkje sett seg tilbake sidan.

Bjørn Tore har erfaring innan mellom anna verdsetting, stifting og avvikling, effektivisering av rekneskapsprosessar, rekneskapsanalyse og kapitalendringar. Ein mann med mykje kunnskap kan ein seie.

Noko av det viktigaste for Bjørn Tore er å alltid ha kunden i fokus. Han beskriv seg sjølv som analytisk og strukturert, som definitivt kjem til gode i bransjen vår. Han er òg lett å jobbe med, og alltid på ballen for å oppfylle behovet til kunden på ein effektiv måte med gode resultat.

Kombinasjonen av svært dyktige rekneskapsfolk med lokal ekspertise og høg effektivitet, med klart definerte kommunikasjonslinjer, gjer det lettare for oss å alltid levera det vi skal, i tide. Det er den perfekte moglegheita til å vinna tillit og respekt frå kundane våre.

Det er derfor vi er både dedikerte og forplikta til levera som lova, kvar einaste gong.

Ønskjer du kontakt med andre kontor i regionen? Vi har òg avdelingar på følgjande lokasjonar:

 Måløy 

61.9078571, 5.9885902

Share