Hopp til hovedinnhold

Ein god sparringspartnar for landbruksrekneskap

Per Jarle Myklebust

På Byrkjelo i Gloppen kommune driv Per Jarle Myklebust eit stort gardsbruk i samdrift med ein annan bonde.

Dei siste åra har dei bygd ut gardsdrifta betydeleg, og dei er heilt avhengig av å ha profesjonell hjelp til rekneskapsføringa. Den får dei av Accountor Gloppen.

Lokal samarbeidspartnar på rekneskap

Per Jarle fortel at Accountor er ein god samarbeidspartnar i lokalmiljøet:

«Vi har samarbeidt med Accountor Gloppen i over 20 år, og er veldig fornøgde. Alt er på stell i rekneskapen, og dei er ein god sparringspartnar for oss.

Det beste er at dei alltid held seg fagleg oppdatert, og gir oss gode råd om kva vi bør gjere for å få gode resultat.»

Godkjenner fakturaer rett frå mobilen

I rekneskapen vil dei helst ha mest mogleg digitalt, og det får dei i programmet Duett. Accountor tek seg av alt i rekneskapen, og Per Jarle kan gå inn og få oversikta over økonomien når som helst. Frå mobilen eller PC-en loggar han seg inn og godkjenner fakturaer etter kvart som dei kjem. Fakturaar som ikkje kjem elektronisk skannar Per Jarle inn og sender over til Accountor.

«Når eg har spørsmål om rekneskap, skatt eller andre ting er det alltid hjelp å få frå Accountor,» avsluttar Per Jarle fornøgd.

Vil du høyre om korleis du kan få på plass gode, digitale løysingar for din rekneskap? Ta kontakt med oss i Accountor, vi viser deg kva løysingar som passar for di bedrift. 

 

Share