Hopp til hovedinnhold
Artikkel
Gloppen Accountor

Kva er fellestrekka hos bedriftene som lukkast? Vi har høyrt med økonomiekspertane i Accountor

Det er få som har eit betre innblikk i økonomien til verksemdene i Nordfjord enn det lokale rekneskapskontoret Accountor. Accountor i Gloppen gjer rekneskapen for mange ulike firma – både lokalt og nasjonalt.

Så kva er fellestrekka blant dei verksemdene som lukkast og oppnår vekst? Vi tok ein prat med avdelingsleiar Lena Skinlo for å høyre om korleis det går med bedriftene i nærmiljøet.

Lena Skinlo Accountor

Dei som har eit aktivt forhold til økonomien i verksemda oppnår best resultat

«Det er faktisk overraskande mange bedriftseigarar som nesten ikkje ser på tala til bedrifta si, og ikkje orker å forholda seg til rekneskapet,» fortel Lena Skinlo. «Men det er mange flinke folk der ute, og vi ser at dei bedriftene som har eit aktivt forhold til økonomien sin også oppnår dei beste resultata.»

Ho har denne oppfordringa til leiarar:

«Det er ikkje nok å ha ein proaktiv rekneskapsførar i ryggen, du må faktisk ha eit oppriktig engasjement for tala dine sjølv også. Jo meir aktivt du følgjer med på utviklinga i tala til firmaet, dess større er sjansen for å lukkast. Set deg ned med rekneskapsføraren din og få hjelp med å forstå kva tala betyr. Det er mitt beste råd til dei som ynskjer å oppnå betre økonomiske resultat».

Som partnar i PowerOffice Go har Accountor dei beste løysingane

Tidlegare fekk verksemder rekneskapsrapportar eit par gonger i året – og fortsatt er det nokon som har det sånn. Lena oppfordrar alle til å stille krav til rekneskapsføraren sin for å få på plass moderne løysingar:

«Mange av våre kundar etterspør rekneskap i PowerOffice GO (POGO), som er eit brukarvenleg og framtidsretta system. Vi i Accountor er faktisk POGO-partner, og størst i Nordfjord-området på dette systemet. Det gir oss mange fordelar når vi skal hjelpe kundar: Vi har svært god kompetanse på rekneskapsføring i POGO, og tilbyr integrasjonar mot ei rekke system.

Snu kursen når det er nødvendig

Med dagens rekneskapssystem har ein muligheit til å hente ut rapportar når som helst, som gir eit bilete på økonomien i sanntid. Det er ein gylden muligheit til å følge aktivt med, og gjør at du kan snu kursen i selskapet når det blir nødvendig.

Få hjelp av rekneskapsføraren din til å tilpasse rapportane med tala som er viktig for deg.

Accountor Gloppen
Gloppen regnskapsfører

Lokal aktør med kundar både lokalt og nasjonalt

Å være til stade lokalt i Gloppen, Eid og Måløy er viktig for gjengen i Accountor, fortel Lena:

«Vi likar å vere nær kundane våre. Det er ein stor fordel at vi er store og lokale – for det gir oss bredda i kompetansen til å hjelpe både store, nasjonale selskap, og dei mindre, lokale aktørane.

Med eit team på over 40 medarbeidarar lokalt i Nordfjord har dei mangfaldig kunnskap å ta av:

«Vi har heile fjøla av kompetanse hos oss, både erfarne rådgjevarar med tung rekneskapskompetanse, og yngre kreftar med nye tankar og idear. Det er kjekt at vi no får ein ny generasjon økonomar med på laget.

Generasjonsskifte i verksemdene gir stor interesse for digitale løysningar

Hos Accountor Gloppen ser dei ei tydeleg endring hos bedriftseigarane, som no har ein større forventning til at rekneskapsføraren skal levere alt digitalt. Lena fortel:

«Vi ser at ein ny generasjon av bedriftseigarar gradvis tek over. Det er både yngre krefter som starter opp selskap, men det skjer også generasjonsskifte i eksisterande selskap. Jo yngre du er, jo meir tar du det som ei selvfølge at du kan følge med på rekneskapen frå ein app på telefonen din».

Dette synes Lena det er moro å kunne levere på. Med de nye rekneskapsystema treng ein berre telefonen for å halde seg oppdatert: «Om du er ein byggleiar som er ute på ein byggeplass kan du ta opp mobilen der du er, og betale rekningar med eit par tastetrykk».

Enklare arbeid blir det også for de tilsette:

«Tilsette kan registrere timar på mobilen. Når du er mykje ute og jobbar er det ein kjempefordel. Leiaren på si side kan godkjenne timar i mobilappen, og sende det rett til lønsutbetaling. Administrasjonsarbeidet går ned til eit minimum».

Accountor Røros
Accountor Eid

Fleksible løysningar tilpassa kvar verksemd

Lena fortel at det er stor variasjon i kor mykje bistand ulike bedrifter vil ha frå rekneskapsføraren sin. Med dagens system er det mykje enklare for rekneskapsførarane i Accountor å levere ei løysing som er spesialtilpassa behova til kunden.

Lena synes det er kjekt å kunne tilby fleksible løysningar:

«Nokre bedrifter vil at vi skal komme på besøk til dei, og bistå dei tett i den daglige drifta for å forbetre rutinar og gi økonomiske råd for å betre lønsomheita. Andre vil berre ha hjelp til det heilt lovpålagte i rekneskapen. Kanskje vil dei gjere det meste sjølv, og ha oss som ein kontroll-funksjon av rekneskapen. Med nye, digitale system er det muleg for oss å tilby alle slike variantar».

Felles for alle verksemdene er at dei vil ha ein rekneskapsførar som forstår seg på kva dei driv med, og kva utfordringar dei har.

Mange bedriftsleiarar sit «aleine» på toppen

Som leiar kan ein kjenne seg litt aleine med ansvaret. Lena fortel at dei ser at mange set pris på å ha ein sparringspartnar i rekneskapsføraren.

«Som rekneskapsførar er det vår drøm å få hjelpe kundane våre med å lukkast. Vi fungerer som ein økonomifunksjon for kundane, noko dei ofte ikkje har sjølv. Da får dei hjelp til å sjå heilheita i rekneskapet, og kan få råd om til dømes kostnadsstyring, investeringar, varekjøp og drift av varelager.»

Det er for eksempel nokre tider på året det er lurare å gjere store innkjøp enn andre. Og om du har leverandører med lang leveringstid kan Accountor gi råd om alternativ.

«Mange kan få ein stor fordel av at leverandøren kan sitte på varelager i stadet for dei sjølv. Sånne ting set kundane våre pris på å få råd om,» slår Lena fast.

Råd til bedriftseigarar: Still krav til rekneskapsføraren din

Lenas viktigaste råd til bedriftsleiarar i nærmiljøet er: Still krav til rekneskapsføraren din.

«Ein rekneskapsførar skal kunne bidra med meir enn fakturabehandling. Still krav til rekneskapsføraren din, og bruk deira kompetanse og innsikt i økonomien din til din fordel. Dei kan være din beste sparringspartnar for å drive verksemda meir økonomisk.

I tillegg er det viktig å nytte seg av muligheitene som er tilgjengeleg gjennom digitale system. «Det er mykje forbetringspotensial hos bedriftene i Gloppen og Eid. Vi vil gjerne fremme at digitalt, skybasert regnskap gjør kvardagen så mykje enklare for alle – uansett om ein er god på data eller ikkje. Dette kan vi hjelpe dei med,» avsluttar Lena.

Kontakt Accountor i Gloppen og Eid

Share