
Rekneskapsførar i Sogn
Accountor Sogn er din lokale rekneskapsførar i Sogn. Me har hatt kontor her i Sogn sidan 1980-talet, og er ni tilsette (herav fem statsautoriserte/ autoriserte rekneskapsførarar). Kundane våre driv innan mange ulike bransjar, både små og store.
Lokal tilhøyrigheit og tilgjengelegheit er viktig for oss - Accountor Sogn er 100% lokaleigd. I tillegg har me ressursar og kompetansen til meir enn 2300 kollegaer i sju land med på laget.
Accountor Sogn er lokalisert i Balestrand og Vik i Sogn.

Totalleverandør av rekneskap, løn og rådgjeving
Kompetansen vår, etter mange år i bransjen, er allsidig og strekker seg langt. Me er totalleverandør av rekneskaps- og rådgjevingstenester, og tilbyr effektive, fullt automatiserte, problemfrie og sikre løysingar for framtida – der kundane våre kan sjekka sitt skybaserte rekneskap når som helst på døgnet. Ynskjer du ein påliteleg samarbeidspart innan økonomi og rekneskap, så er Accountor Sogn eit godt valg.

«Då vi etablerte oss som selskap søkte vi etter ein profesjonell partner for å hjelpe oss med alt som har med rekneskap å gjere. Kvifor skal vi gjere det sjølv når vi har ein aktør i nærmiljøet som tilbyr slike tenester på ein effektiv måte?»
- Grethe Hjetland, dagleg leiar i Highsoft AS
IT-selskapet Highsoft AS held til i Vik i Sogn, og har på få år vokse frå å vere ei lita gründerbedrift til å bli eit selskap i vekst med over 30 tilsette og store kundar over heile verda.
Les heile historia om korleis vi hjelper Highsoft med rekneskapen
Ynskjer du å automatisera rekneskapen i di bedrift?
Du finn oss her:
Vikjatunet
6893 Vik i Sogn
+47 57 69 58 96
sogn@accountor.no
Accountor Sogn | Økonomi Sogn AS | Org. nummer: 979 947 143
Me likar å telja. Bak alle suksessar ligg lidenskap. Vis oss din lidenskap – få endå betre resultat!

Kontakt oss i dag for eit uforpliktande tilbod
Les om kva våre kundar synes om oss
