Din lokale rekneskapsførar i Gloppen
Accountor Gloppen
Fornøgde kundar
Vi får gode tilbakemeldingar frå kundane våre, og ved å spørja etter dette med jamne mellomrom kan vi også utvikla oss til det beste for deg som kunde.

- Accountor er ein god sparringspartnar for oss
Per Jarle Myklebust driv med landbruk på Byrkjelo, og fortel at Accountor er ein god samarbeidspartnar i lokalmiljøet:
«Vi har samarbeidt med Accountor Gloppen i over 20 år, og er veldig fornøgde. Alt er på stell i rekneskapen, og dei er ein god sparringspartnar for oss.
Det beste er at dei alltid held seg fagleg oppdatert, og gir oss gode råd om kva vi bør gjere for å få gode resultat.»
Dagleg leiar ved Mona Vekst, Birigit H. Roset er ein annan av våre gode kundar som uttalar:
«Vi fekk veldig god hjelp og støtte då eg kom inn som ny leiar i 2018, og vi er heilt avhengig av Accountor Gloppen AS som samarbeidspartnar».
Vi oppgraderar lokala våre
Midt i Sandane sentrum held vi til, og støttar det lokale næringslivet. Kundane våre gjev tilbakemelding på at vårt lokale nærvær er avgjerande for deira verksemd.
Med verksemder i heile Noreg, og som medlem av eit større system, har vi ressursar til å imøtekome behova kundane våre har for gode og framtidsretta digitale løysingar. Samstundes er vi lokale, med lokalt tilsette, og bidreg til det lokale næringslivet.
Vi er i vekst, og no oppgraderar vi kontora våre. Så snart vi er klare vil vi invitera både kundar og andre til ein opningsfest – med smittevernet godt teke hand om.
Vidare ynskjer vi å leggja til rette for at vi blir ein møteplass for næringslivet og vil tilby utleige av rimelege møtelokale. Det kan også verta aktuelt å samlokalisera nokre bedrifter saman med oss.
Rekneskapssystem i skya
Accountor tilbyr fleire ulike kundeløysingar, og vi er ikkje låst til eit program. Det som vi er mest opptekne av er å finne det som passar behovet ditt.
Vi er framtidsretta og tilbyr moderne løysingar i skya. Har du hørt om PoGo? Ta gjerne kontakt med oss for tilbod. For landbrukskundar har vi Duett, som er spesialtilpassa landbruk. Du kan lese meir om skybasert rekneskap her.
Accountor er totalleverandør av alt innen rekneskaps- og rådgjevingstenester (rådgjeving, fakturering, rapportering, lønshandtering, personaloppfølging, sjukepengehandtering, reiserekningar m.m.). Vi har eigne dedikerte spesialistar på inkasso og økonomisk rådgjeving. Lokal tilhøyrighet og tilgjengelegheit er viktig for oss. Accountor i Gloppen tilbyr problemfrie og sikre løysingar for framtida.
Det er difor vi er både dedikerte og forplikta til levere som lova, kvar einaste gong.
Gloppen | Byrkjelo |
Sørstrandvegen 6 | |
6823 Sandane | 6826 Byrkjelo |
Tlf 57 86 86 00
PostadressePostboks 100 |
Tlf: 57 86 73 10 Åpent: tirsdager kl. 9 - 15 |
kontakt.gloppen@accountor.no
Velkomen til Accountor i Gloppen! Du finn oss her:
Anne-Britt Kjørvik | Arne Svarstad | Bente Jevnlid | Bente Sissel Løseth | Elise Støyva Sårheim | Henriette Ansok Hatling | Hilde Mellingen | Ingeborg Sande | Johan Kristian Myklebust | Jon Gimmestad | Kari Fridtun Aarekol | Kari-Ann Flølo | Kari-Anne S. Slagstad | Kåre Nyland | Liudmila Nyvoll | Magne Vereide | Maria Schønning Vigdal | Nikoline Hildenes | Randi Nygård Hansen | Ranveig Årskog | Siv Hege Hauge | Sonja Hatlenes | Viviann J. Solheim | Richard Villanger
