Hopp til hovedinnhold
Blogg

Kvinnedagen 2024: Åslaug Stadheim Ese

Åslaug er dagleg leiar og statsautorisert rekneskapsførar hos Accountor Sogn, som tek seg av rekneskap, lønn og rådgiving for bedrifter i Sogn. Kompetansen hennar og engasjement i næringslivet er imponerande, og ho har bidrege til fleire organisasjonar og selskap i regionen. Denne dama hadde 33 års jubileum som dagleg leiar i 2023! Ho er ein engasjert dagleg leiar, som ser verkeleg bryr seg om korleis alle tilsette har det. Ho engasjerer seg og sterkt i alle dei ca 200 små og store kundane våre. Ho klarar aldri å møta på ein kunde utan å sjekka korleis dei har det.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Kva har du studert?

Har bakgrunn innan reiseliv og starta på økonomi etter barn nr 3, samtidig som eg prosjekterte oppstart av eiga bedrift – som då vart baby nr 4.

Kva var det som gjorde at bedrifta ville bli ein del av Accountor?

 Fellesskap, nettverk og stordriftsfordeler – Økonor (som det heitte i 2010) appellerte til meg med sin modell og flotte folk!

Er det nokon forskjell på å vera kvinneleg leiar i Accountor?

 Neppe, her er alle like viktig maske i nettverket.

Åslaug Stadheim Ese
Åslaug Stadheim Ese - avdelingsleder for Sogn

Kva har du lært i karrieren din så langt?

 Etter meir enn 30 år i bransjen og med eiga bedrift: du kan aldri aldri lena deg tilbake og tenkja at ‘no er jobben gjort’. Då er du garantert å få deg ‘ein på trynet’. Det er stadig både mot- og medgang i vente – det er vel det som gjer jobben så spennande og utfordrande?! Og – eg elskar faget mitt og har i desse år ikkje hatt ein kjedeleg dag. Og ein gong til – ‘stao-no-pao’ nyttar!!

Nokre tips til kvinner som endå ikkje har teke steget inn i leiarbransjen, men som vil dit

Det er berre å ta steget! Ver trygg på at det du har i deg er godt nok, bruk deg sjøl og kjenn på at det virkar. Hugs at det einaste positive med å gjera feil, er å læra noko av det - og gå vidare med hovet høgt!

 God 8. mars alle!

Share