Hopp til hovedinnhold
Blogg
Skog og trær sett nedenfra med solen skinnende igjennom de grønne friske bladene

Lokalt regnskapskontor kopla seg til landsdekkande kjede

- Dette gir oss fleire bein å stå på, eit breiare driftsgrunnlag og tilgang på fleire økonomiske verktøy, seier Johannes Dalsbotten. 

I 1985 starta han Aurland rekneskapskontor som ein enkeltmannsføretak. I 1988 kom Kjell Ove Haugen med på laget, og rekneskapsverksemda vart gjort om til aksjeselskap. 

Generasjonsskifte 

– Dei første ti åra var det berre oss to, men derifrå vart arbeidsstokken gradvis utvida, seier Dalsbotten. I fjor haust valde kollegaen gjennom mange år å pensjonere seg. Denne Milestolpen er også Dalsbotten byrja å nærme seg. – Eg ser to – tre år framover i så måte, men uansett er verksemda inne i eit generasjonsskifte. I dette ligg det også ei erkjenning av at det er vanskeleg å stå åleine når me er såpass små som me er. Dette var bakgrunnen for at me for ei tid sidan byrja å vurdere kva som ville vere den beste løysinga for verksemda sitt framhald, seier Dalsbotten. Konklusjonen på dette var å bli ein del av ei større kjede, og såleis passa det godt at den landsdekkande økonomi og rådgivingsverksemda Accountor kom på bana. Verksemda som tilbyr komplette tenester innafor rekneskap, økonomi og rådgiving fordelt på 70 kontor landet over, kjøpte Aurland rekneskapskontor hausten 2022. 

Breiare tenestetilbod 

– Det som før var Aurland rekneskapskontor er no Accountor Aurland, og ei avdeling under vårt kontor på Voss, der me har 12 tilsette, seier dagleg leiar for Accountor Voss, Arild Rogde. Han fortel at Aurlandsevdelinga med sine fire tilsette no gradvis vert fasa inn i Accountor sine system og arbeidsrutinar. 

 – Korleis vil kundane merke dette skiftet?

 – Vonleg berre på ein positiv måte. Kundetilhøve som er etablert mot avdelinga i Aurland skal framleis vere her. Ein skilnad no vil vere at det kan gjevast tilbod om eit breiare og meir komplett tenestespekter. I samarbeid med avdelinga på Voss vil produkttilgangen vere større, og det er eit mål at Accountor Aurland skal bli eit komplett lokalt økonomikontor, seier Rogde. Han syner til at det stadig vert fleire rekneskapssystem som kundane kan nytte seg av, og at tilgangen på ulike og tilpassa  løysingar vil vere fleire i eit større selskap. 

På utkikk 

Rogde omtalar arbeidstokken på fire i Aurland som høveleg per no, og at tre – fem tilsette vil vere ein naturleg arbeidsstokk også i framtida. – For å vege opp for det nemnde generasjonsskiftet vil me framover vere på utkikk etter unge og motiverte personar som har ønskje om å utvikle seg innafor det økonomiske fagfeltet. I dette ligg det at tenestene skal omhandle meir enn berre rekneskapsføring, og difor vil verte sett etter breiare kompetanse som kan levere etterspurde tenester innafor eit breitt økonomiske fagfelt.  

Saka er originalt publisert i Aurlendingen

Har du behov for ein rekneskapsførar i området? Ta kontakt med oss

 
 

Share