Hopp til hovedinnhold
Blogg
månedens kontor HAFS

Månedens kontor - Accountor HAFS

Kven er de?

Som AS starta Ole Hope og Jostein Sylta opp Hope Rekneksapskontor AS i 1992, men allereie i 1984 starta Ole opp som EPF som er den spede oppstart av selskapet. Berit Mortensbakke var den første eksterne ansatte i 1987, det året starta og samarbeidet mellom Ole og Jostein opp. Ekstra kjekt her er det at alle desse tre jobbar i selskapet pr i dag.  

Når vart de ein del av Accountor?

Vi melde oss inn i Økonor ca i 2010/2011 og har vært her sida. 

Kva tenester tilbyr de? 

Alt innanfor rekneskap. Rådgjeving, bokføring, innfordring, lønn og andre administrative tjenester. 

Korleis har bedrifta endra seg frå byrjinga til i dag?

Vi har endra oss ilag med bransjen. Der vi merkar det mest er sjølvsagt innanfor programvare og andre hjelpemiddel. I oppstarten førte vi ein del med blyant og papir til i dag å serve dei fleste via POGO og Agro. Selskapet har elles hatt jamn vekst på kundar og ansatte. Pr i dag er vi 17 ansatte med ca 15 årsverk.  

Kva har vore nokon av utfordringane de har måtta gå igjennom?

Det første vi kjem på er at det alltid har vert utfordring med manglande bemanning. Vi har alltid klart å skape vekst ved bemanning. Opp gjennom åra har vi hatt ca 20 mamma og pappapermisjonar, desse kan vi vel kanskje sjå tilbake på som kjekke utfordringar.

Kva er deira sterkaste sider som team?

 Vi er tett på kundane våre og leverer gode tjenester til ein bra pris. Alle våre ansatte har lang erfaring i bransjen og vi snakkar ofte med kundane våre. På denne måten held vi oss oppdatert og ajour med kva som skjer hjå kundane.

Kva liker de best med å vera ein del av eit større konsern?

Det må vere tilgangen til faglig tyngde, eit stort nettverk av dyktige medarbeidarar og generell tilgang til programvare og informasjon som vi ville brukt meir tid på å finne fram til aleine.

Kva gjer kontora deira attraktivt for kundane våre?

Lokal tilhøyrsle, vi kjenner markedet og tilhøva rundt oss og snakkar hyppig med våre kundar. Høg kopentanse i tillegg til ein god pris har gjort til at vi har mange gode kundar som har vert med oss over lang tid. Så har vi mange kompetente og kjekke kolegaer på kontoret som har lang fartstid i bransjen.  

Noko de har lært av kundane deira over åra?

At dei set pris på å jobbe med faste folk hjå oss, samstundes som dei har tilgang til eit breit spekter av kompetanse på heile kontoret.

Nokon morosame fakta om kontoret eller tilsette?

Vi har alltid hatt eit godt miljø på kontoret. Det viser att med at dei tre første ansatte fortsatt jobbar her pr i dag. Sidan oppstarten i 1984 er det seks personar som har slutta om ein ser vekk frå avgang ved pensjon. Det må vere godkjendt når ein i dag teller 17 ansatte og aktivitet over snart 40 år!

Kva har vore høgdepunktet til no?

Det som melder seg er då vi flytta inn i Dale Senter ca i 1989, og så kan det nemnast at kontoret har vert med på totalrenoveringa av senteret og innflytting der i september 2020. Andre ting er ein del utskifting av programvare som overgangen til Visma i 2012 og overgangen til POGO i 2021/2022. Dei siste åra har vi hatt ein glidande overgang p åleiarsida der Ole har som mål å jobbe litt mindre og Kim Frode har i den samanheng tatt over som dagleg leiar. Generelt ser vi jo at vi er for lite flinke til å markere høgdepunkta opp gjennom åra.

Kva er planane vidare for 2023?

Vi skal ha autorisasjonskontroll med Rekneskap Norge i slutten av oktober, denne tek litt fokus i desse dager. Etter det går fokus over til å klargjere seg til neste årsoppgjersperiode, og nokre nye kundar som er på veg inn frå 2024.

 

La oss bli den lokale rekneskapsføraren din

 
 

Share