Hopp til hovedinnhold
Blogg
Månedens kontor; Accountor Sogn

Månedens kontor | Accountor Sogn

Kvar månad framover presenterer me ei ny spalte kalla månadens kontor der du får bli betre kjent med avdelingane våre rundt om i det vakre landet vårt. Først ut er kontoret ved den majestetiske Sognefjorden – the King of the Fjord som dei tilsette hadde sagt sjølv. Der finn me Accountor Sogn. Dei er fint plassert under høge fjell på kvar si side av fjorden – i Vik og i Balestrand. 

Med gammalost frå verdas einaste gamalostysteri, og bringebær frå Norges største bringebærkommune, lever me godt blant turistar som besøkjer oss og fjorden, fjella og isbreane våre.  

Både i Balestrand og i Vik har me halde til sidan 1980-talet, og me er 9 tilsette – herav 5 autoriserte. 

Kompetansen vår, etter mange år i bransjen, er allsidig og strekker seg langt. De er totalleverandør av rekneskaps- og rådgjevingstenester, og tilbyr effektive, fullt automatiserte, problemfrie og sikre løysingar for framtida – der kundane våre kan sjekka sine skybaserte rekneskap når som helst på døgnet ,- sier Åslaug Stadheim Ese | dagleg leiar hos Accountor Sogn. 

Me har stilt dei nokre spørsmål for å bli betre kjent 

 

Når starta rekneskapskontoret opp? 

Atle starta Balestrand-kontoret i 1986 og Åslaug i Vik i 1989, begge med mål om å skapa sin eigen arbeidsplass. I dag, etter sopass mange år i bransjen og med den flotte gjengen me har på lag – kan ein vel trygt sei at dette lukkast. 

Korleis har bedrifta endra seg frå byrjinga til i dag? 

Me starta opp med mål om å vera ein samarbeidspartnar for andre næringsdrivande når det gjeld alle slags administrative tenester. Etter kvart vart det økonomi og rekneskap som vart viktigaste produkta – samt tilhøyrande tenester. Digitaliseringsprosessane har ført til endra arbeidsinnhald, ei utfordring tilsette har teke på strak arm – snakk om å vera endringsdyktige! 

Når vart de ein del av Accountor? 

Gjennom åra har me erfart at det er krevande å vera oppdatert på alle område – alt frå fag, kvalitet, IT, HR, marknad, leiing og kva det no enn måtte vera. Og det var med dette som utgangspunkt at me ville vera ein del av noko større. Me vart del av Accountor i 2010, eller Økonor som det den gang heitte. Det har vore supert å ha eit fellesskap i ryggen – og nettverket er viktig for oss alle. 

Kva liker de best med å vera ein del av eit større konsern? 

Den teknologiske utviklinga har, saman med oppkjøp og samanslåingar, ført til store endringar i rekneskapsbransjen dei seinare åra. Dette stiller større krav til oss. Det handlar om å ha tilgang på dei beste ressursane i form av kunnskap, kompetanse, nettverk og programvareløysingar – og så brukar me nettverket for alt det er verdt. 

Likevel - lokal forankring er viktig for oss, og me likar å vera sjøleigd og sjølstyrt - difor er franchisemodellen den rette for oss. 

Sogngjengen ute på luftetur

Kva tenester tilbyr de? 

Rekneskap og tilhøyrande tenester er hovedprodukta. Me har lang erfaring og god kompetanse innan: 

  • Rekneskap/økonomistyring/løn 

  • Bedriftsrådgjeving og bedriftsetablering 

  • Administrasjon og forretningsførsel. 

Me har gjennom åra opparbeidd mykje kunnskap og gode arbeidsmetodar for rekneskap og økonomistyringsrutinar. Kvalitetssikring er eit viktig nykkelord i denne samanhengen. 

Kva gjer kontora deira attraktivt for kundane våre?

Me er allsidige og fleksible og kan bistå bedrifter som driv i fleire land like gjerne som kiosken på hjørnet. Me bryr oss – og er ein god gjeng med den same lidenskapen til å gje kundane våre betre resultat. 

Kundekveldar med fagleg innhald og/eller opplæring i PowerOffice eller Duett er godt motteke. 

I eitt års tid har me hatt samarbeid med ei nystarta lita kommunikasjonsbedrift som hjelper oss å presentera kundar på Face og Insta, ca ei ny bedrift kvar månad - det er vinn-vinn sidan både kunden og me blir marknadsført. I tillegg presenterer me ‘denne månadens tips’ frå våre tilsette. Dette hjelper til med å gjera Accountor-namnet kjent, slik at det er det namnet som dett ned i hovudet på ein som treng rekneskapsførar. Men aller mest trur me på ‘word of mouth’ – fornøgde kundar som anbefalar oss til andre. 

Følg dei på Instagram her  | Følg dei på Facebook her 

Noko de har lært av kundane deira over åra? 

Behova er ulike – og det smart å spørja kunden kva nettopp han/ho har bruk for frå oss, for det er slett ikkje sikkert at det er slik me trudde i utgangspunktet. Kvar kunde er unik, og me må visa at me bryr oss sopass at me spør om nettopp det. 

 Kva har vore nokon av utfordringane de har måtta gå igjennom? 

Kanskje var vår aller største utfordring den gongen me var 5 tilsette og 3 av oss vart gravide – då fekk me verkeleg finna ut kva som budde i oss som var att! Når me overlevde det, klarar me det meste – har me tenkt fleire gonger i ettertid. 

Elles ser me at rekruttering er ei stor utfordring her på våre små plassar.  NAV og dei store revisjonsselskapa støvsugar regionen for økonomar. No er me komne til at løysinga er å finna dei rette folka lokalt og så læra dei opp sjøl – krevande, men spennande – og me får ofte lojale og stabile arbeidstakarar. 

Nokon morosame fakta om kontoret eller tilsette? 

Me feirar alt som kan feirast, og gler oss med kvarandre – flaggar for nyfødde barn, barnebarn og til og med oldebarn. Og me fyller kontoret med ballongar på store dagar. Det har jo vorte nokre jubileum opp gjennom åra, då blir det tur for alle tilsette – gjerne blåturar der tilsette får melding om kva dei skal ta med, og når melding om blåtur med pass går ut er det stas.  

Kva har vore høgdepunktet til no? 

Dei er mange, gleda ved å lukkast med gode resultat og landa større utfordringar. Det å bli Gasellebedrift, det å få Vik kommune sin næringspris – og ikkje minst det å bli nominert på Regnskap Norge sin Overskudd-konferanse, som ein av 3 årets overskudd av kollegaene – det var stort! 

Noko de fokuserer ekstra på av aktivitetar per dags dato? 

Som eit ledd i rekrutteringsarbeidet både til oss og til bransjen, tek me imot praktikantar frå Høgskulen på Vestlandet, 3. årsstudentar i økonomi/administrasjon får prøva seg i bransjen og sjå kor spennande det er. Me har og meldt oss som traineebedrift – sjå  https://www.framtidsfylket.no/trainee for meir info. 

Kva er planane vidare for 2023? 

Me har mål om heile tida å vera oppdatert på personal- og økonomitenester. Me investerer i nye digitale tenester, og utviklar medarbeidarane våre til betre økonomimedarbeidarar og kundekontaktar - alt av omsyn til kundane våre. 

Me hjelper like gjerne store kundar som mindre selskap. Me jobbar med menneske - det handlar om forholdet mellom kunden og oss. Me ynskjer å gje ei optimal kundeoppleving, både med digitale og personlege tenester. 

 

Denne dama brenn verkeleg for rekneskapsfaget

Midt oppi det heile kan me nemna at Åslaug har vorte kåra til årets første a+ ambassadør! I nominasjonen hennar stod det:  

Ho er svært oppteken av at kontoret skal ha dei beste og mest framtidsretta løysingane på rekneskap. At meligg langt framme når det gjeld automatisering og har gode og framtidsretta løysingar er svært viktig for denne dama.  
Ho er eit ekte ja-menneske! Om det er kundar som treng hjelp i ein fart, Accountor som skal spela inn einreklamefilm, nokon som treng medlemmer i eit styre, eller dersom det er sjukdom i ei verksemd – ja so finn alltid tid til å hjelpa, og ein god måte å få gjort det på. 
Ho vert av dei tilsette på kontoret beskriven som energisk, frampå, smittande engasjert, målbevisst, bestemt, åpen for nye idear, positiv, konstruktiv, modig, i forkant, står på, jordnær, løysingsorientert, framtidsretta, kunnskapsrik, dyktig og stolt. I tillegg får ho og beskrivelse som raus, arbeidssom, nøyen og ambisiøs. Det var mange gode ord! Det er ein grunn til at denne dama har 33 års jubileum som dagleg leiar i år! Ho er einengasjert dagleg leiar, som ser verkeleg bryr seg om korleis alle tilsette har det.  

Ho engasjerer seg og sterkt i alle dei ca 200 små og store kundane våre. Ho klarar aldri å møta på ein kunde utan å sjekka korleis dei har det,og då er det fort å koma i gang med ein god kundesamtale. 

Me gratulerer!

Månedens a+ ambassadør: Åslaug Ese

Treng du rekneskapsførar i Sogn? Ta kontakt direkte med denne gjengen

Accountor sogn på Franchiseforum 2022

Share