Hopp til hovedinnhold
Logoer for Ciderhuset, Balholm og Interplan

- Accountor digitaliserar og forenklar arbeidet vårt

Langs den vakre Sognefjorden, nærare bestemt i Balestrand, er eldsjela Eli-Grete Høyvik og fleire familiemedlemmar travelt opptekne med å drifte heile tre selskap: Balholm AS, Ciderhuset ENK og Interplan AS. 

Dei tre selskapa har ulik verksemd, som følgjer naturen gjennom året: Balholm produserer drikkevarer med og utan alkohol av frukt og bær frå fruktgardar i Sogn. Om sommaren tek Ciderhuset imot gjester frå heile verda til cidersmaking, kulturvandring, matkurs og måltid i restauranten eller ein handel i gardsbutikken. Resten av året har dei ope for grupper - kulturarrangement, faglege opplegg og private arrangement. Til sist er det konsulentverksemda Interplan, som driv med undervisning, rådgjeving og prosessleiing – mest i vinterhalvåret.

Får hjelp med "tusen" ulike problemstillinger

Ciderhuset Balholm Eli Grete Høyvik

Med eit så mangfaldig virkefelt er det utallege problemstillingar å takle, ikkje minst når det gjeld rekneskap og økonomi. Difor set Eli-Grete stor pris på å ha Accountor som økonomisk rådgjevar:

«Accountor er først og fremst ein viktig rådgjevar for oss, for vi har tre veldig ulike selskap. Det gjer at vi også har «tusen» ulike problemstillingar i drifta,» fortel den daglege leiaren, og kjem med døme: 

«Accountor rådfører oss om alt frå korleis vi skal handtere tips til dei tilsette som jobbar i restauranten når det gjeld skatt, til nye forskrifter for kontantomsetning i butikk eller korleis vi skal handtere fruktoppgjeret på hausten til dyrkarane».

(Foto: David Zadig)

Sparringspartnar som gir gode råd for lønsam drift

Balholm og dei andre verksemdene har fagkompetanse på mykje, men er også medvitne om kor langt den interne kompetansen strekker seg. «Vi har sjølve oversikt over økonomien vår, fordi vi er tett på denne. Accountor hjelper oss dei siste metrane inn til mål».

Accountor analyserer nøkkeltala saman med familieverksemda, og gir dei gode råd for lønsam drift. 

Eli-Grete set pris på å ha ein sparringspartnar ho kan diskutere med om gode løysingar på økonomiarbeidet, og fortel at det er Accountor som pusher dei i retning av å digitalisere og forenkle arbeidet. «Accountor kjenner oss, og veit kva som er våre utfordringar. Dei fortel oss kva som vil vere fornuftig for oss å gjere, og finner løysingar som er tilpassa oss».

Samarbeidet med Accountor har pågått sidan verksemdene starta opp kring år 2000, og Eli-Grete er godt nøgd med jobben dei gjer: «Med ei så allsidig verksemd som vi har, må ein ha tunga veldig beint i munnen, og det taklar Accountor veldig bra i lag med oss. Accountor gjer oss trygge på at økonomiarbeidet vårt er i orden,» slår ho fast.

 

Vil du ta ein prat med oss om korleis økonomien i di bedrift kan bli enklare? Me har mange gode løysingar som gjer at du får ei enklare kvardag, med god oversikt. Ta kontakt med oss for å avtale ein prat med ditt nærmaste Accountor-kontor

Gjør regnskapet enklere for deg selv

Faktura, på en bedre måte

Hvor mye tid bruker du på å fakturere?

Sannsynligvis mer enn du trenger! Kom i gang med elektronisk fakturering, så går nesten hele prosessen av seg selv. I tillegg unngår du slurvefeil.
EHF-faktura

Hva er egentlig EHF-fakturaer?

Elektronisk faktura forkortes til EHF. Men hva innebærer det? Lær om hvorfor en faktura på PDF ikke er det samme som en elektronisk faktura.
Skybasert regnskap

Vil du ta hele regnskapet opp i skyen?

Med skybasert regnskap har du oversikt over økonomien i bedriften til enhver tid. Bare prøv selv! Les mer om hvordan du kan digitalisere prosessene i ditt regnskap

Del