Hopp til hovedinnhold
Askvoll Fjordhotell

Accountor hjelper oss med å identifisere kvar vi tenar pengar, og kva vi bør gjere annleis

På Askvoll Fjordhotell i Sogn og Fjordane har Ann Elise Gjervik hendene fulle med å drifte hotellet og gi gjestane sine den gode opplevinga. Som både dagleg leiar og kokk på hotellet har ho god kundeservice i fokus – økonomi og rekneskap har ho mindre interesse av å bruke tid på. Då er det godt å ha ein trygg samarbeidspartnar i ryggen: Accountor i Askvoll har vore med på laget som rekneskapsførar i mange år.

Accountor tek seg av økonomien, slik at Ann Elise kan ta seg av hotellgjestane

«Det er trygt og viktig for oss å ha ein profesjonell partnar innan økonomi,» fortel Ann Elise. «Eg har samarbeida med Sissel på Accountor Askvoll om rekneskap i mange år no. Heilt sidan 1997, faktisk! Med Accountor kan eg rådføre meg om alt eg lurer på om økonomi. Dei er alltid hyggelege og hjelpsame, og eg ser ingen grunn til å byte».

Med Accountor på laget kan ho ha fokus på andre ting enn rekneskapsføring: «Å drive eit heilt hotell, samstundes som at eg er kokk, gjer at timeplanen er fylt opp. Eg har verken tid eller lyst til å sette meg inn i alt som har med rekneskap og bokføring å gjere. Min jobb er å lage mat og ta meg av gjestane på hotellet, og då er det godt å kunne sette vekk alt som har med økonomi å gjere til Accountor,» seier hotelldriftaren. 

Ein god økonomisk samarbeidspartnar kan fortelje om kvar ein tenar pengar, og kva ein bør gjere annleis

Som bedriftsleiar er det heilt sentralt å vite korleis det går med økonomien, og maksimere resultatet. Når Ann Elise treng råd om kvar ho tenar pengar og korleis hotellet ligg an samanlikna med budsjett ringer ho til Accountor: «Det er enkelt å ta opp telefonen og ringe om eg lurer på noko. I drifta av ei verksemd handlar jo alt i det store og heile om pengar. Kvar tenar vi pengar, og kvar gjer vi det ikkje? Accountor hjelp oss med å identifisere kva vi gjer riktig, og kva vi bør gjere annleis,» fortel Ann Elise. For Askvoll Fjordhotell er det til stor hjelp å få høyre ei profesjonell meining om økonomi.

Ann Elise Gjerdvik Askvoll Fjordhotell

Askvoll Fjordhotell har heldt det gåande sidan 1987, og Ann Elise tok over drifta i 2018. Ho har ingen planar om å gi seg med det første.

«Vi trivast godt med drifta av hotellet her. Med gode medarbeidarar og gode folk på rekneskap er det berre moro å ha mange ballar i lufta. Så lenge eg slepp å gjere rekneskapen!» avsluttar ho med eit smil.

Vil du også få kontroll på rekneskapen, slik at du kan fokusere på di kjerneverksemd? Accountor har kontor over heile Noreg, og har erfaring med både store og små bedrifter.

Skybasert regnskap

Skybasert regnskap

Hva om du hadde oversikt over likviditeten i firmaet til enhver tid?
Lønnstjenester fra Accountor

Riktig lønn til rett tid

Lønn er et komplisert fagfelt det er krevende å holde seg oppdatert på.

Share