Hopp til hovedinnhold
Tistels Auto har fått full kontroll på faktureringen

Fakturering og reiserekningar går av seg sjølv

Elektroniske fakturaløysingar har gjort at bilverkstaden Tistel Auto AS har betre oversikt. I tillegg sparar dei mykje tid: No treng dei ikkje å sitja på kveldane og senda fakturaer eller registrera utlegg lenger. Les om korleis Tistel Auto AS har automatisert fakturabehandlinga, slik at dei kan gjera meir av rekneskapet sjølv.

 

Full kontroll på fakturabehandlinga

På Tistel Auto AS i Vik i Sogn går dagane i eitt med å reparera, foreta kontrollar og gjera service på lette køyretøy. Accountor fører rekneskapet for dei og tek seg av lønsfunksjonane, men alt av fakturering gjer bilverkstaden sjølv med systemet PowerOffice Go (POGO). 

André Laskerud jobbar med administrasjon og kundemottak, og er godt fornøgd med sitt nye, digitale fakturasystem. «Det tok litt tid å setja seg inn PowerOffice Go – men no har me full kontroll på alt vi gjer med fakturering. Både inngåande og utgåande fakturaer tek me oss av sjølve, samt purringar på rekningar som ikkje er betalt. Alt dette handterar me digitalt i POGO,» fortel André. 

Treng ikkje sitja med reiserekningar og utlegg på kveldane lenger

Dei aller fleste fakturaene frå leverandører kjem inn digitalt, og det gjer at bilverkstaden har god oversikt: «No slepp me lause ark og tasting av KID-nummer. Det gjer at me får betre oversikt, og me sparar tid,» seier André fornøgd. Han held fram: «Akkurat kor mykje tid me sparar er vanskeleg å sei, men eg kan jo sei det slik: Før sat eg mykje på kveldane og jobba med rekningar og utlegg. Det kunne fort gå nokre timar. Men sånn er det ikkje lenger. No jobbar eg ikkje på kveldane, for det meste går automatisk, so då får eg unnagjort alt i løpet av arbeidsdagen».

Reiserekningar rett inn på mobilen

Når rekningar eller utlegg skal registrerast kan André og kollegaene kjapt og enkelt ta bilete av rekninga med app på telefonen. Då kjem bilaget rett inn i systemet, og ein slepp alt papiret. 

No går alt av seg sjølv, men det krevde litt innsats å komma i gang med det automatiserte systemet. Tistel Auto opplevde at det var litt humpete i starten, før dei kom godt inn i det. 

André fortel at det var det å få leverandørar inn i fakturasystemet som tok tid, då dei måtte senda ut e-post til alle leverandørar og avslutta avtalegiro. «Det var ein del slik jobb i byrjinga, men det gjekk eigentleg veldig fort og greit. No som alt er på plass og går automatisk sparar me inn den tiden og vel så det». 

Digitalisering sparar tid

Bilverkstaden har ikkje opplevt innføringsproblem elles. Dei tilsette i Tistel fekk god opplæring hos Accountor, sånn at dei lærde seg korleis dei skulle gjera tinga riktig sjølve. 

André er godt fornøgd med kor langt dei har komme med digitaliseringa: «No som alle rekningar kjem inn automatisk i systemet vårt, då har me komme veldig langt. Me sparar tid og har betre oversikt, rett og slett. Det er det beste med dette her,» sler han fast.

 

Elskar du å føra utlegg og reiserekningar manuelt? Eller kunne du heller tenkja deg å automatisera nokre av prosessane i bedrifta din? Det er faktisk ikkje so vanskeleg å få til, og vil spara alle medarbeidarane i bedrifta for mykje tid. Ta kontakt med oss for å høyra meir om kva løysingar som passar for di verksemd, eller les om skybasert regnskap her

 

Share