Hopp til hovedinnhold
Rendedal Gard automatiserer regnskapet med Duett

Godkjenner rekningar rett frå mobilen

Renate Rendedal driv som sauebonde i Balestrand, og sjølv om ho er travelt oppteken med å ta seg av 80 vinterfôra sauer gjer ho mykje av rekneskapet sjølv. I programmet Duett kjem fakturaene inn automatisk, og ho sender også ut fakturaer elektronisk. 

 

 

Sparar mykje tid på å kutta ut manuell tasting av fakturaer

Renate er so langt veldig fornøgd: «Inngåande fakturaer betalar me i Duett. Det har eg nettopp byrja med, og det er kjempekjekt. Eg sparar masse tid på å sleppa å tasta inn alt manuelt, slik som KID-nummer». Rekningane kjem rett inn på Renate sin mobil – der ho kan godkjenna fakturaen direkte med ein eigen PIN-kode.

Automatisering av fakturaarbedeidet for sauebonden

Også utgåande fakturaer fiksar sauebonden sjølv i Duett. I tillegg lagar ho fakturaene for sambuaren sin Bård Kjetil, som driv eit snikkarfirma. Renate fortel at snikkaren er veldig lite glad i data og dataarbeid, men han får likevel til å styra mykje av rekneskapet sjølv: 

«Bård Kjetil går inn i Duett og sjekkar fakturaer og får ut rapportar frå rekneskapet. Det er eit godt eksempel på kor enkelt Duett-systemet er, når sjølv han som ikkje finst interessert i data får det til».

 

Bård Kjetil og Renate får meir tid til overs når rekneskapet går av seg sjølv.

Mykje å tena på å automatisera om ein ikkje er datakyndig

Å automatisera betalinga av inngåande fakturaer er det førebels berre Renate som gjer for si verksemd. Bård Kjetil vil helst venta og sjå korleis løysinga fungerer for henne, men ho er sikker på at han også vil byrja med automatisk fakturabehandling når han ser kor mykje tid han kan spara: 

«Sambuaren min har ikkje akkurat 'touch' i fingrane, og brukar lang tid på å tasta fakturainformasjonen manuelt. Jo mindre datakyndig ein er, desto meir har ein jo å tenea på å automatisera».  

Tidleg ute med å digitalisera rekneskapet

EHF-faktura (elektronisk handtert fakturabehandling) var sauebonden tidleg ute med, og har allereie halde på med det i eit par år. Då ho tok over garden i 2013 overtok ho og Accountor som rekneskapsførar, men siden den gong har det skjedd store digitale endringar i rekneskapet. «Rekneskapsføraren min i Accountor var ganske tidleg ute med å digitalisera, og eg har hatt eit digitalt rekneskap hjå Accountor lenge før eg sjølv byrja å jobba på den måten,» fortel Renate. 

I starten leverte ho alt på perm, før ho gjekk over til elektroniske løysingar litt etter litt. No er alt digitalt, og det synest ho er veldig praktisk: «Det er så greit, no kan eg gå inn i systemet og sjekka ting når som helst. Eg treng ikkje å vera heime ein gong. Eg kan for eksempel gå inn på mobilen og sjekka ein faktura eg sende for eit år sidan». 

Vil du og automatisera fakturabehandlinga?

Automatisering av rekneskapet kan du enkelt komma i gang med - uansett kor stor eller lita bedrifta di er. Det vil spara deg for masse tid, spesielt om du brukar lang tid på å tasta lange KID-nummer. Vil du høyra om kva løysingar som passar for di bedrift?

Ta kontakt med oss i Accountor for en prat

E-faktura offentlig sektor lag 1 april 2019

Hvor mye tid bruker du på å fakturere?

Sannsynligvis mer enn du trenger! Kom i gang med elektronisk fakturering, så går nesten hele prosessen av seg selv. I tillegg unngår du slurvefeil.
Skybasert regnskap

Vil du ta hele regnskapet opp i skyen?

Med skybasert regnskap har du oversikt over økonomien i bedriften til enhver tid. Bare prøv selv! Les mer om hvordan du kan digitalisere prosessene i ditt regnskap

Del