Hopp til hovedinnhold
Askvoll Sjøbuer

- Hadde ikkje fått tid til anna om vi hadde sete med rekneskapen sjølv

Vakkert til nede ved sjøen i Askvoll ligg Askvoll Sjøbuer Mat og Drikke AS. Marita Solheim og Frode Myhrvold driv kroa, som er eit samlingshus for både lokalbefolkning og turistar. Her vert det arrangert alt frå selskap, møter, minnestunder og bryllaup, og dei driv også med catering. Marita og Frode har hatt nok å henge fingrane i frå dag ein, og set pris på å ha Accountor Askvoll til å hjelpe dei med rekneskap og budsjettering, og sørge for at alt med økonomien er i orden:

«Då vi tok over drifta 1. juni i fjor var vi heilt nye i gamet, og det var viktig for oss å sikre at vi hadde alt på stell. Skulle vi tatt rekneskapen sjølv hadde det vore litt for mykje å ta på seg,» fortel Marita. «Accountor lettar mitt arbeid. Dersom eg var nøydd til å sitte med alt dette sjølv hadde eg ikkje fått tid til anna».

Fortel kva for pengar dei har, og kva dei kan bruke

Accountor passar på at alt i rekneskapen føregår etter reglane, og rettleiar når Marita eller Frode treng råd: «Det er godt å få hjelp, for vi har ofte spørsmål om moms og slike ting som vi ikkje har peiling på sjølv,» forklarer bedriftseigaren. «Accountor hjelp oss rett og slett med å vite kva for pengar vi har, og kva vi kan bruke».

Accountor tek seg av hovudelementa i rekneskapen, og sender det over til Marita så ho kan godkjenne på e-post.  

Samarbeidspartnarar som kjenner kvarandre godt  

Marita trivast med å ha eit godt forhold til rekneskapsføraren sin. Dersom ho lurer på noko kan ho ringe eller ta turen bort til Accountor, og der får ho alltid svar. Bedriftseigaren er glad for å ha ein rekneskapsførar som er enkelt tilgjengeleg:

«Når eg kjem innom Accountor er det alltid ein der som kan hjelpe meg. Det er fint å ha ein samarbeidspartnar ein kjenner godt». Ho veit at hos Accountor kan ho vere seg sjølv: «Dei på Accountor kjenner meg, og eg kjenner dei. Dei veit at med meg er det ikkje rom for feil, for eg har full kontroll!» seier Marita med eit smil. «Når eg kjem gåande inn på kontoret ser dei med ein gong kva for humør eg er i».

Ein god rettleiar

Askvoll Sjøbuer har eksistert i over 20 år, og Accountor har ført rekneskapen for dei i mange år. For Frode og Marita var det naturleg å halde fram med å ha rekneskapen hos Accountor då dei overtok drifta. «Eg trur vi hadde slite om vi skulle ha hatt alt med rekneskapen sjølv. Og så er det godt å ha nokon til å rettleie oss når vi lurer på noko,» avsluttar Marita.

Er du interessert i å sette ut rekneskapen til ein erfaren rekneskapsfører med framtidsretta løysingar? Vi gjev deg eit tilbod på rekneskaps- og lønstenestar tilpassa di bedrift. Ta kontakt med oss her, eller les meir om kva vi kan tilby deg.

Skybasert regnskap

Skybasert regnskap

Hva om du hadde oversikt over likviditeten i firmaet til enhver tid?
Lønnstjenester fra Accountor

Riktig lønn til rett tid

Lønn er et komplisert fagfelt det er krevende å holde seg oppdatert på.

Share