Hopp til hovedinnhold

Lokal kompetanse og digitale løysingar

Inge Menes

Inge Menes i Balestrand har mange jern i elden, med både røykelaksproduksjon og utleige av feriehus. For han er det avgjerande å få frigjort tid, slik at han få drive verksemda si så effektivt som mogleg.

«Eg har verken tid eller kapasitet til å setje meg ned med rekneskapen min sjølv,» fortel Inge. Han ville ha ein lokal samarbeidspartnar som rekneskapsførar, og då var Accountor Sogn eit naturleg val.

Gjennom fire års samarbeid er Inge fortsatt strålande nøgd: «Det er dyktige folk som jobbar på lokalkontoret her i Sogn, rekneskapen min er veldig oversiktleg. Eg er veldig nøgd med Accountor, og har ingen tanke om å byte til nokon andre».

Automatisering gir god kontroll på fakturaene

Med Accountor Sogn som samarbeidspartnar får han både lokal kompetanse, og gode, digitale løysingar som hjelper ham med å halde kontroll på økonomien.

I programmet PowerOffice GO kan Inge sjølv gå inn og godkjenne rekningar og sende fakturaer. Sidan han har to ulike verksemder er det ein stor fordel at det er enkelt å halde styr på kva bilag som høyrer til utleigeverksemda, og kva som har å gjere med røykelaksproduksjonen.

«I POGO kjem alt inn i systemet automatisk. Til dømes blir moms-differensieringa riktig fordelt automatisk, det er veldig oversiktleg», fortel Inge med eit smil.

Røkelaksproduksjon

Gode råd om skatt

Rådgjevinga som Inge får frå Accountor til å ta riktige rekneskapsmessige val er også god å ha: «Eg spør Accountor om råd rett som det er. Dei hjelper meg blant anna med alt det skattemessige, for eksempel sjølmeldinga».

For tidaplanlegg Inge å selge ut tre utleieeiningar, og får hjelp av Accountor til å sørge for at salget skjer på riktig måte rekneskapsmessig og skattemessig.

Med produksjon av 1,5 tonn røykelaks i året, og utleigesesong av feriehusa frå april til oktober, har Inge korkje tid eller interesse av å sette seg inn i det rekneskapstekniske. Det har han heldigvis Accountor til å ta seg av.

 

Vil du høyre meir om korleis du kan automatisere rekneskapen, slik at du kan bruke tida di på andre ting? Ta kontakt med oss her for å få eit tilbod, eller les om skybasert rekneskap her

Share