Hopp til hovedinnhold
Askvoll Sjømat og Delikatesser AS

Nesten som å ha ei eiga rekneskapsavdeling

I gamle Askvoll sentrum finn du Askvoll Sjømat og Delikatesser AS, som produserer og sel alt av fersk fisk, kjøt, delikatesser og heimelaga bakevarer. Til å ta seg av rekneskap, løn og rapportering har dei Accountor Askvoll som samarbeidspartnar, slik at dei sjølv kan ha fullt fokus på produksjonen og utvikle nye produkt. Steg for steg har butikken digitalisert heile kassasystemet slik at alt i rekneskapen føregår digitalt.

Eirik Loftheim, deleigar i bedrifta er svært fornøgd med samarbeidet dei har med Accountor: «Accountor er veldig synleg som ei innovativ bedrift i lokalmiljøet her i Askvoll. Sissel som driv Accountor har heile tida vore veldig på når det kjem til gode løysingar, og det var det som gjorde at vi valde Accountor som rekneskapsførar,» fortel Eirik. «Accountor er ein aktør i næringslivet det er naturleg å spørje om råd». 

Får hjelp til å gjere gode investeringar

Ikkje berre fører Accountor rekneskapen frå dag til dag, eigarane av delikatessebutikken er også glade for å ha Accountor som rådgjevar når det kjem til finansielle spørsmål. Kompliserte reglar om avskrivingar er dei tidleg ute med å spørje Accountor om før dei gjer investeringar: «Vi er alltid i dialog med Accountor når vi skal planlegge investeringar. Først og fremst er det dei som fortel oss kva vi har lov til å avskrive av verdiar, og hjelp oss med å drive på ein mest mogleg lukrativ måte,» seier bedriftseigaren.

Eirik eig og driv delikatesseforretninga saman med broren sin Helge og svigerinna si Inger Johanne. Drifta starta då dei flytta tilbake til bygda i 2010, og Accountor var med som rekneskapspartnar frå start. Eirik synest det er godt å ha ein rekneskapsførar som har vore med gjennom mange år, og meiner det bidreg til ein bra heilskap i systemet: «Vi har eit veldig tett samarbeid med Accountor, og har dialog med Torun som fører rekneskapen vår kvar einaste dag. Det er nesten som å ha ei eiga rekneskapsavdeling, berre at ho sit ein annan stad enn oss».

Dagsoppgjer i kassa vert sendt automatisk inn i rekneskapssystemet

I dag har Askvoll Sjømat og Delikatesser eit digitalisert rekneskapssystem, men overgangen har vorte gjennomført litt etter litt. Butikken har gått over til datakasse, slik at dagsoppgjer vert sendt direkte til rekneskapssystemet Visma kvar einaste dag. I tillegg må dei oppdatere varelageret, og Accountor hjelp dei med å følgje med på kostnadsbiletet. 

Trygt samarbeid gjennom ti år 

Ved å jobbe tett saman er både kunde og rekneskapskontor trygg på kva den andre parten ynskjer. «Når du har jobba med nokon i ti år kan du ha ein dialog om kva du er fornøgd med eller ikkje,» fortel Eirik. «Accountor veit korleis vi er som kunde, og kva vi ynskjer frå dei av rapportar og kommentarar på drifta. Og det går andre vegen også, vi veit kva dei treng i frå oss. Det er jo noko ein brukar ei stund på å finne ut av, særlig heilt i byrjinga når ein startar ei bedrift».

Å starte ei bedrift er ikkje berre-berre, og i byrjinga var det intenst å skulle halde i trådane på alt, og forstå alt. Accountor sin spesialkompetanse kom godt med den gongen, og er framleis gull verdt for delikatessebutikken.

«Vi vil helst bruke tida på vår eigen produksjon, så det å sette vekk rekneskapen er ein lur ting. Sjølv om ein utviklar meir kunnskap om rekneskapsreglane etter kvart er det noko med å nytte seg av dei som faktisk har kjernekompetanse på dette. Det er kanskje det viktigaste med å ha en god rekneskapspartnar, Accountor sørger for at alt går riktig føre seg,» slår Eirik fast.

Lurer du på korleis du kan effektivisere rekneskapen i di bedrift, og få betre kontroll på økonomien? Accountor har løysingar for deg som vil gjere noko sjølv, og for deg som vil sette vekk heile rekneskapen. Les mer om hvilke løsninger vi kan tilby deg her, eller ta kontakt med oss her for å få et uforpliktende tilbud.

Her kan du sjå oversikta over alle våre kontor, og kome i kontakt med rekneskapsføraren som er nærast deg

Share