Hopp til hovedinnhold
Highsoft AS logo

Framoverlent rekneskapsførar med på laget

For IT-selskapet Highsoft AS var det eit enkelt valg å ha med Accountor Sogn på laget som rekneskapspartner. Highsoft AS held til i Vik i Sogn, og har på få år vokse frå å vere ei lita gründerbedrift til å bli eit selskap i vekst med over 30 tilsette. På kundelista finn du blant anna 82 av verdas 100 største selskap, men drifta og utviklinga av programvara føregår lokalt i Vik

Grethe Hjetland Highsoft AS

I snart ti år har Accountor ført rekneskapet og administrert lønnstenester for Highsoft 

«Då vi etablerte oss som selskap søkte vi etter ein profesjonell partner for å hjelpe oss med alt som har med rekneskap å gjere. Kvifor skal vi gjere det sjølv når vi har ein aktør i nærmiljøet som tilbyr slike tenester på ein effektiv måte?» spør Grethe Hjetland, dagleg leiar i Highsoft.

«Vi har ikkje tid eller kapasitet til å føre rekneskap, det er heilt åpenbart lettare å få hjelp til desse tenestene enn å halde på dei sjølv»

Når Accountor tek seg av rekneskapet kan dei heller sette fokus på det dei er gode på  

Highsoft utviklar diagramverktøy som gjer det lett for utviklarar i andre selskap å lage diagram på sine nettsider. Dei ønskjer å investere i menneska som har kompetanse på det dei driv med, så det å bruke tid og ressursar på å sette seg inn i rekneskapsfaget er ikkje aktuelt: «Vi har eit overordna økonomiansvar sjølv, men det er helt uaktuelt for oss å bokføre. Accountor sørger for at vi held rekneskapet vårt oppdatert på gjeldande rekneskapslovgjeving og skattelovgjeving,» fortel Grethe. 

Lokal rekneskapsførar som er ein del av eit større fagmiljø nasjonalt

Samarbeidet med Accountor føregår effektivt, og alt i rekneskapet er digitalt. Skulle Grethe eller økonomisjefen ha behov for å snakke nærare om noko i rekneskapet tar ho berre ein telefon, eller stikk innom Accountor. 

Grethe set også pris på at Accountor er ein del av eit større fagmiljø: «Det er veldig positivt at Accountor er til stades lokalt, og at dei samtidig er ein del av eit større fagmiljø nasjonalt. Eg trur at det gir dei mulegheit til å trekke større vekslar på sitt fagfelt. Det er mykje betre enn at vi skulle sitje her på huset og føre rekneskapet på eigahand».

Viktig å ha ein rekneskapsførar som er framoverlent

Når ein er eit selskap som veks raskt er det viktig å ha ein rekneskapspartner som kan halde følgje, og det har Highsoft med Accountor på laget. «Eg ser at Accountor er framoverlent heile tida. Vi er veldig fornøgd med jobben dei gjer,» konstaterer Grethe.

 

Har bedriften din behov for hjelp med regnskap eller lønn? Les om skybaserte tjenester her, og lønnstjenester her.

Vi tilbyr deg gjerne en løsning tilpasset din bedrift:

Share