Hopp til hovedinnhold

Slik har Kjartan Lauritzen kontroll på rekneskapet

Også artistar må ha kontroll på økonomien – sjølv om kvardagen kan vere hektisk med turnear og studioinnspelingar. Teamet rundt Kjartan Lauritzen har mange jern i elden, og då er det godt å få hjelp med rekneskap og økonomi frå ein proff samarbeidspartnar.

Theodor Kvikne er manager og styreleiar for Kjartan Lauritzen AS, og set stor pris på hjelpa dei får frå Accountor Sogn:

«Accountor hjelper oss med å løyse det meste innan rekneskap og økonomi. Vi kan stole på at dei gjer smarte valg for oss – for økonomi er vi ikkje så gode på sjølv. Accountor gir oss råd om ting som kan gjerast på ein smartare måte, og seier tydeleg frå når det er ting vi må gjere som hastar»

Gode råd for rekneskapet og lokal tilhørigheit er viktig 

Theodor fortel at kvardagen ofte kan vera kaotisk, og det er godt å vite at Accountor har kontroll på rekneskapet.

«Vi har stor tillit til Accountor. Dei er hjelpsomme uansett kva vi lurer på. I tillegg er det ein fordel at Accountor er ein lokal aktør i Balestrand. Vi som driv Kjartan Lauritzen AS er lokale balestrendingar, så det er viktig for oss med ein tilknytning til heimbygda.»

I Kjartan Lauritzen AS brukar dei PowerOffice GO. Der sender dei enkelt kvitteringar, godkjenner fakturaer og autoriserer betalingar.

«Spesielt reiserekningar er det nyttig å ha POGO-appen til. Vi brukar den mykje når vi er på turné – det er veldig greit. Då tek vi berre bilde av kvitteringen og sender den av gårde i appen,» fortel Theodor.

Regnskap for artister

Share