Hopp til hovedinnhold

Rekneskapsførar i Gloppen

Ser du etter en rekneskapsførar i Gloppen eller Byrkjelo? Då er Accountor eit naturleg valg. Vi er ditt lokale rekneskapskontor, og kan hjelpa deg med rekneskap, løn og rådgjeving.

Lokalt nærvær er viktig for oss, og i tillegg har vi et bredt nettverk av kompetanse over heile Noreg. Har du eit stort eller eit lite firma? La oss skreddarsy ei løysing tilpassa behova du har. 

Les om skybasert rekneskapssystem 

Adressa vår finn du her

Få ein enklare kvardag med gode, digitale system

Mange av våre kundar etterspør rekneskap i PowerOffice GO (POGO), som er eit brukarvenleg og framtidsretta system. Vi i Accountor er POGO-partner, og størst i Nordfjord-området på dette systemet. Det gir oss mange fordelar når vi skal hjelpe kundar: Vi har svært god kompetanse på rekneskapsføring i POGO, og tilbyr integrasjonar mot ei rekke system.

Gloppen Accountor

Tilbakemeldingar frå kunder

Vi får gode tilbakemeldingar frå kundane våre. Her kan du lesa nokre av dei:

Per Jarle Myklebust

- Accountor er ein god sparringspartnar for oss

Per Jarle Myklebust driv med landbruk på Byrkjelo, og fortel at Accountor er ein god samarbeidspartnar i lokalmiljøet:

«Vi har samarbeidt med Accountor Gloppen i over 20 år, og er veldig fornøgde. Alt er på stell i rekneskapen, og dei er ein god sparringspartnar for oss.

Det beste er at dei alltid held seg fagleg oppdatert, og gir oss gode råd om kva vi bør gjere for å få gode resultat.»

Dagleg leiar ved Mona Vekst, Birigit H. Roset er ein annan av våre gode kundar som uttalar:

«Vi fekk veldig god hjelp og støtte då eg kom inn som ny leiar i 2018, og vi er heilt avhengig av Accountor Gloppen som samarbeidspartnar».

Kom på besøk i dei nye lokala våre

Midt i Sandane sentrum held vi til, og støttar det lokale næringslivet. Kundane våre gjev tilbakemelding på at vårt lokale nærvær er avgjerande for deira verksemd.

Med verksemder i heile Noreg, og som medlem av eit større system, har vi ressursar til å imøtekome behova kundane våre har for gode og framtidsretta digitale løysingar. Samstundes er vi lokale, med lokalt tilsette, og bidreg til det lokale næringslivet.

Vi er i vekst, og har nyleg oppgradert kontora våre. Kom gjerne på besøk og få ein kopp kaffi! Kontora våre er lag til rette for å vere ein møteplass for næringslivet, og vi tilbyr utleige av rimelege møtelokale. 

Ring avdelingsleiar Lena og avtal ein prat

Accountor Gloppen

Rekneskapssystem i skya

Accountor tilbyr fleire ulike kundeløysingar, og vi er ikkje låst til eit program. Det som vi er mest opptekne av er å finne det som passar behovet ditt.

Vi er framtidsretta og tilbyr moderne løysingar i skya. Har du hørt om PoGo? Ta gjerne kontakt med oss for tilbod. For landbrukskundar har vi Duett, som er spesialtilpassa landbruk. Du kan lese meir om skybasert rekneskap her.

Accountor er totalleverandør av alt innen rekneskaps- og rådgjevingstenester (rådgjeving, fakturering, rapportering, lønshandtering, personaloppfølging, sjukepengehandtering, reiserekningar m.m.). Vi har eigne dedikerte spesialistar på inkasso og økonomisk rådgjeving. Lokal tilhøyrighet og tilgjengelegheit er viktig for oss.

Velkomen til Accountor i Gloppen! Du finn oss her:

Gloppen Byrkjelo
Sørstrandvegen 6  
6823 Sandane 6826 Byrkjelo

Tlf 57 86 86 00

Postadresse

Postboks 100
6821 Sandane

 

 

 

Kontakt oss:

Send oss ein e-post på kontakt.gloppen@accountor.no

Er du kunde? Kontakt oss på gloppen@accountor.no

Accountor Eid

Kontakt oss i dag for ein uforpliktande prat

Anette Hommen | Anne-Britt Kjørvik | Arne Svarstad | Bente Jevnlid | Bente Sissel Løseth | Elias Eimhjellen | Hilde Mellingen | Ingeborg Sande | Johan Kristian Myklebust | Jon Gimmestad | Kari Fridtun Aarekol  | Kari-Ann Flølo | Kari-Anne S. Slagstad | Kåre Nyland | Liudmila Nyvoll | Magne Vereide | Randi Nygård Hansen | Ranveig Årskog | Siv Hege Hauge | Sonja Hatlenes | Viviann J. Solheim | Richard Villanger 

Kontakt oss

61.7766385, 6.2168389

Share