Hopp til hovedinnhold

Din lokale rekneskapsførar i Balestrand

Balestrand

Accountor Balestrand

Me har hatt kontor her sidan 1980-talet, er ni tilsette (herav fem autoriserte rekneskapsførarar) og har mange kundar innan ulike bransjar, både små og store. Lokal tilhøyrigheit og tilgjengelegheit er viktig for oss - Accountor Sogn er 100% lokaleigd - med ressursar og kompetansen til meir enn 2300 kollegaer i sju land, med på laget.

Accountor Sogn er lokalisert i Balestrand og Vik i Sogn

Kompetansen vår, etter mange år i bransjen, er allsidig og strekker seg langt. Me er totalleverandør av rekneskaps- og rådgjevingstenester, og tilbyr effektive, fullt automatiserte, problemfrie og sikre løysingar for framtida – der kundane våre kan sjekka sitt skybaserte rekneskap når som helst på døgnet.  Ynskjer du ein påliteleg samarbeidspart innan økonomi og rekneskap, så er Accountor Sogn eit godt valg.

Ynskjer du å automatisera rekneskapen i di bedrift? Ta kontakt med oss for eit uforpliktande tilbod

Du finn oss her i Balestrand:
Holmatunet
6899 Balestrand
+47 57 69 58 96

sogn@accountor.no

Me likar å telja. Bak alle suksessar ligg lidenskap. Vis oss din lidenskap – få endå betre resultat!

Kontakt oss i dag for eit uforpliktande tilbod

Ciderhuset Balholm Eli Grete Høyvik

Balholm og Ciderhuset får gode råd til lønsom drift frå Accountor

Høyr kva våre kundar har å seie om oss:

«Accountor er først og fremst ein viktig rådgjevar for oss, for vi har tre veldig ulike selskap. Det gjer at vi også har «tusen» ulike problemstillingar i drifta,» fortel den daglege leiaren, og kjem med døme: 

«Accountor rådfører oss om alt frå korleis vi skal handtere tips til dei tilsette som jobbar i restauranten når det gjeld skatt, til nye forskrifter for kontantomsetning i butikk eller korleis vi skal handtere fruktoppgjeret på hausten til dyrkarane».

Sauebonden godkjenner rekningar rett frå mobilen

Renate Rendedal driv som sauebonde i Balestrand, og sjølv om ho er travelt oppteken med å ta seg av 80 vinterfôra sauer gjer ho mykje av rekneskapet sjølv. I programmet Duett kjem fakturaene inn automatisk, og ho sender også ut fakturaer elektronisk. 

Automatisering av fakturaarbedeidet for sauebonden

61.2099029, 6.5377653

Share