Hopp til hovedinnhold

Rekneskapsførar i Balestrand

Accountor Sogn har halde til her i Balestrand sidan 1980-talet, er ni tilsette (herav fem autoriserte rekneskapsførarar) og har mange kundar innan ulike bransjar, både små og store. Lokal tilhøyrigheit og tilgjengelegheit er viktig for oss - Accountor Sogn er 100% lokaleigd - med ressursar og kompetansen til meir enn 2300 kollegaer i sju land, med på laget.

Accountor Sogn er lokalisert i Balestrand og Vik i Sogn

Kompetansen vår, etter mange år i bransjen, er allsidig og strekker seg langt. Me er totalleverandør av rekneskaps- og rådgjevingstenester, og tilbyr effektive, fullt automatiserte, problemfrie og sikre løysingar for framtida – der kundane våre kan sjekka sitt skybaserte rekneskap når som helst på døgnet.  Ynskjer du ein påliteleg samarbeidspart innan økonomi og rekneskap, så er Accountor Sogn eit godt valg.

Ynskjer du å automatisera rekneskapen i di bedrift? Ta kontakt med oss for eit uforpliktande tilbod

Du finn oss her i Balestrand:
Holmatunet
6899 Balestrand
+47 57 69 58 96

sogn@accountor.no

Me likar å telja. Bak alle suksessar ligg lidenskap. Vis oss din lidenskap – få endå betre resultat!

Kontakt oss i dag for eit uforpliktande tilbod

Ciderhuset Balholm Eli Grete Høyvik

Balholm og Ciderhuset får gode råd til lønsom drift frå Accountor

Høyr kva våre kundar har å seie om oss:

«Accountor er først og fremst ein viktig rådgjevar for oss, for vi har tre veldig ulike selskap. Det gjer at vi også har «tusen» ulike problemstillingar i drifta,» fortel den daglege leiaren, og kjem med døme: 

«Accountor rådfører oss om alt frå korleis vi skal handtere tips til dei tilsette som jobbar i restauranten når det gjeld skatt, til nye forskrifter for kontantomsetning i butikk eller korleis vi skal handtere fruktoppgjeret på hausten til dyrkarane».

Sauebonden godkjenner rekningar rett frå mobilen

Renate Rendedal driv som sauebonde i Balestrand, og sjølv om ho er travelt oppteken med å ta seg av 80 vinterfôra sauer gjer ho mykje av rekneskapet sjølv. I programmet Duett kjem fakturaene inn automatisk, og ho sender også ut fakturaer elektronisk. 

Automatisering av fakturaarbedeidet for sauebonden
Inge Menes

Lokal kompetanse og digitale løysingar

Inge Menes i Balestrand har mange jern i elden, med både røykelaksproduksjon og utleige av feriehus. For han er det avgjerande å få frigjort tid, slik at han få drive verksemda si så effektivt som mogleg.

Gjennom fire år med Accountor Sogn som samarbeidspartnar er Inge fortsatt strålande nøgd: «Det er dyktige folk som jobbar på lokalkontoret her i Sogn, rekneskapen min er veldig oversiktleg. Eg er veldig nøgd med Accountor, og har ingen tanke om å byte til nokon andre».

Regnskapsfører kontakt

Kontakt oss

61.2099029, 6.5377653

Share